Har du et utviklinsprosjekt?

Bli med på webinar for å høre om fylkeskommunen sine tilskudd til næringsutvikling.

 

Både kommunar, bedrifter, næringsklynger, innovasjons- og forskingsmiljø kan søke fylkeskommunen om støtte til utviklingsprosjekt. Bli med på webinar den 14. mars for å lære meir.

 

Har bedrifta di ein ide som kan bli utvikla gjennom forsking? Ønsker du å skape eit nytt utdanningstilbod, eit nytt grønt industrikonsept eller har du eit forslag som kan auke tilgangen på arbeidskraft? Dette, og mykje meir kan du søke fylkeskommunen om tilskot til.

 

14. mars klokka 0830-0900 inviterer fylkeskommunen til eit kort webinar om sju ulike støtteordningar innan forsking, utdanning eller nærings- og samfunnsutvikling. 

 

Meld deg på webinaret her
 

 

Dei aktuelle ordningane er: 

Bedriftsintern opplæring for grøn omstilling (BIO)

Betre tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse

 FoU-prosjekt i bedrifter

Omstilling til framtidsretta lokalsamfunn

Regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket

Skaparkraft - fornybar energi

Skaparkraft - grøne, industrielle løft

 

Fordelte 81 mill. kroner i 2024 - no er vi klare for nye søknader!

 

I 2024 behandla fylkeskommunen 164 søknader og fordelte 81 mill. kroner til regionale utviklingsprosjekt innan næring og nyskaping. Dette utløyste utviklingsaktivitet for over 190 mill. kroner i heile Møre og Romsdal. Både kommunar, bedrifter, næringsklynger, utdannings- , innovasjons- og forskingsmiljø fekk støtte og gjennomførte prosjekt. For mange er dette første steget i eit større utviklingsprosjekt, som i neste omgang hentar støtte frå nasjonale og internasjonale støtteordningar eller frå private investormiljø.
 

0